I haust kan du som kan litt eller kanskje litt meir, ta grunnkurs i data.- Dette burde vera obligatorisk i alle kommunar, seier Arne Herdlevær som har tatt dette kurset.
Arne Herdlevær er svært glad for tilbodet om datakurs for seniorar i Øygarden.
På kurset kan du læra å nytta nyttige digitale offentlege tenester, grunnleggjande datatryggleik, videomøte og bestilling av varer og tenester.
Kursopplegget er delt inn i tre kategoriar:
I følgje Arne Herdlevær er det ikkje tilstrekkeleg at det offentlege digitaliserer utan at det vert gjeve tilbod om opplæring i data. Han er svært glad for at det i haust vert gjeve tilbod om dataopplæring for seniorar. Han kan varmt tilrå dette kurset og meiner at dette bør alle kommunar tilby.
- Dette gjeld særleg dei generasjonane som ikkje har vakse opp med dette. Alt er ikkje sjølvforklarande. Dette kurset gjorde sitt til at eg forstod litt meir. No kan eg til dømes betala rekningar på nettet og nytta andre offentlege tenester. Men eg trur nok at eg treng repetisjon og oppfrisking etter kvart. Det kjem noko nytt heile tida, seier han.
Kurset er eit samarbeid mellom Treff+, Øygarden kommune og Harddisk.
Dag/dato | Tid | Stad |
---|---|---|
Torsdag 26. september | 10.00-13.00 | Straume innbyggartorg og bibliotek |
Onsdag 2. oktober | 10.00-13.00 | Rong innbyggartorg og bibliotek |
Onsdag 16. oktober | 10.00-13.00 | Skogsskiftet innbyggartorg og bibliotek |
Dag/dato | Tid | Stad |
---|---|---|
Torsdag 24. oktober | 10.00-13.00 | Straume innbyggartorg og bibliotek |
Onsdag 30. oktober | 10.00-13.00 | Rong innbyggartorg og bibliotek |
Onsdag 6.november | 10.00-13.00 | Skogsskiftet innbyggartorg og bibliotek |
Torsdag 14. november | 10.00-13.00 | Straume innbyggartorg og bibliotek |
Dag/dato | Tid | Stad |
---|---|---|
Torsdag 5. desember | 10.00-13.00 | Straume innbyggartorg og bibliotek |
Torsdag 12. desember | 10.00-13.00 | Straume innbyggartorg og bibliotek |
Sartor Storsenter, Pb 244, 5342 Straume
Hordaland, Norway
Tlf: 535 00 532
kontakt@harddisk.no
Tjenesten faktureres med minimum kr.395,- uavhengig av om problemet lar seg løse eller ikke, Utover dette koster tjenesten kr.395,- per påbegynte halvtime.
Last ned TeamViewer og start filen (link nederst). Et sted på skjermen vil du få spørsmål om å lagre filen. Velg å lagre filen på ditt skrivebord. Når filen er lagret, åpner du den for å få opp passordet som vi trenger for å koble oss til din maskin.